Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bondelaget er skuffa over rapport

INNTEKT: Grytten-utvalet la i dag fram rapporten sin om korleis inntektene til bøndene bør reknast ut. Regjeringa skreiv i Hurdalsplattforma at bønder skal ha same inntektsmoglegheiter som andre yrkesgrupper, men utvalsleiar Ola Grytten meiner det ikkje er noko politikarane kan vedta. Utvalet har ikkje lagt fram nye tal for kva bønder tener. Norges Bondelag-leiar Bjørn Gimming er skuffa over rapporten. «Det er svært viktig å finne ein god måte å måle inntekta til bonden på. Inntektsutvalet si vurdering svarer ikkje godt nok på denne oppgåva», seier Gimming i ei pressemelding. Han meiner at høyringsrunden no blir viktig. ©NPK