Det er tydeleg at beredskapen rundt kritisk infrastruktur er auka. På laurdag såg eg heimevernssoldatar til stades på to vinmonopolfilialar. Den nye NRK-serien «Gutta på skauen» handlar om ei norsk sabotasjegruppe under andre verdskrig som held til i ei hytte og skal utføre sabotasjeaksjonar mot tyske mål. Gruppa under leiing av Thorvald er derimot mest opptekne av å verte ei samansveisa gruppe, ta gode val som eit kollektiv og ikkje dømme nokon berre fordi dei til dømes er tyske offiserar.
Måndag foreslo Finanstilsynet å stramme inn utlånsforskrifta frå 5 til 4,5 gonger brutto årsinntekt. Blir det slik, får nordmenn låne mindre pengar til bustad etter nyttår.