Dagboka
Upolitisk
- Fotball er ikkje og kan ikkje vere upolitisk. Her i avisa kunne ein lese på laurdag om den engelske fotballklubben Newcastle som er kjøpt opp av det saudiarabiske statlege oljefondet. Liknande oppkjøp finst det mange døme på: fotball-VM i Qatar og så bortetter. Fotball er opphavleg ein overklassesport frå engelske kostskular på 1800-talet. Nils Henrik Smith skildrar opphavet til straffesparket i boka «11 meter» ved at det ikkje fanst reglar for straffespark fordi ingen spelarar ville gjere noko så ugentlemansaktig som å vere årsak til eit. Då fotball vart semiprofesjonelt, kom det fleire skitne triks til.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent