Fotball er ikkje og kan ikkje vere upolitisk. Her i avisa kunne ein lese på laurdag om den engelske fotballklubben Newcastle som er kjøpt opp av det saudiarabiske statlege oljefondet. Liknande oppkjøp finst det mange døme på: fotball-VM i Qatar og så bortetter. Fotball er opphavleg ein overklassesport frå engelske kostskular på 1800-talet. Nils Henrik Smith skildrar opphavet til straffesparket i boka «11 meter» ved at det ikkje fanst reglar for straffespark fordi ingen spelarar ville gjere noko så ugentlemansaktig som å vere årsak til eit. Då fotball vart semiprofesjonelt, kom det fleire skitne triks til.
HAR FÅTT NOK: Reinhaldarane på Rygge flystasjon er frustrerte. Regjeringa har lova å ta reinhaldet i Forsvaret tilbake i eigen regi etter at Solberg-regjeringa la det ut på anbod i 2016, men no er dei satt ut på anbod på nytt. Aleksandra Hanna Pestka
Ofte er dei tidleg på plass for å gjera reint før andre kjem på jobb.