- To kollegaer kom tilbake frå ferie og slo av ein prat om nokre av høgdepunkta. Småbarnsforeldre som dei er, hadde begge vore i Dyreparken i Kristiansand. Mens den eine kunne rapportera om fantastisk vêr, måtte den andre vedgå at det hadde vore greitt, men ikkje stort meir. Så fann dei ut at dei hadde vore der på akkurat den same dagen. Vestlendingen var sjølvsagt mest nøgd med vêret. Endeleg varmar sola her i vest. Det kan faktisk likna på ein sommar. Sjølv om det er september, er det framleis t-skjortevêr og deileg i sjøen.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Trass straumkrise bles ikkje vestlandsgiganten Eviny liv i sin gamle draum:
Lar vindkraftplanar ligga
Kraft
DØDT: To store vindkraftplanar på Vestlandet blir truleg liggande i skuffa. Utan lokal støtte går ikkje Eviny nye rundar med planane dei hadde.
I Masfjorden nord for Bergen og i Høyanger endå lengre nord på Vestlandet hadde Eviny planar om å gå i gang med to vindkraftanlegg i fjella.