Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sola

  • To kollegaer kom tilbake frå ferie og slo av ein prat om nokre av høgdepunkta. Småbarnsforeldre som dei er, hadde begge vore i Dyreparken i Kristiansand. Mens den eine kunne rapportera om fantastisk vêr, måtte den andre vedgå at det hadde vore greitt, men ikkje stort meir. Så fann dei ut at dei hadde vore der på akkurat den same dagen. Vestlendingen var sjølvsagt mest nøgd med vêret. Endeleg varmar sola her i vest. Det kan faktisk likna på ein sommar. Sjølv om det er september, er det framleis t-skjortevêr og deileg i sjøen.