Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I «Klondike» er handlinga lagt til eit Donetsk på randa av borgarkrig.

Filma eit førevarsel

NYE FRONTAR: Oksana Tsjerkasjyna som Irka i «Klondike». Filmen har handlinga lagt til Donbas i 2014, men vart spela inn nær Odesa. FOTO: OSLO PIX

Skodespelar Oksana Tsjerkasjyna meiner filmen om livet i Donbas i 2014 var éin film før invasjonskrigen, og ein annan etter.

– Eg hadde ei naiv von om at denne filmen kunne få premiere i eit fredeleg Ukraina, seier den ukrainske skodespelaren Oksana Tsjerkasjyna til Klassekampen.