NYE FRONTAR: Oksana Tsjerkasjyna som Irka i «Klondike». Filmen har handlinga lagt til Donbas i 2014, men vart spela inn nær Odesa. FOTO: OSLO PIX
– Eg hadde ei naiv von om at denne filmen kunne få premiere i eit fredeleg Ukraina, seier den ukrainske skodespelaren Oksana Tsjerkasjyna til Klassekampen.
«HIMMELSKE DAGAR»: Karl Oskar (Gustav Skarsgård) og Kristina (Lisa Carlehed) på taket av toget over prærien, ikkje ulikt søramerikanske migrantar på veg mot USA i dag. FOTO: SF NORGE
(Utvandrarna, Sverige Noreg, 2021)
Regi: Erik Poppe.
Manus: Anna Bache-Wiig og Siv Rajendram Eliassen etter Vilhelm Mobergs romankvartett.
Med: Gustaf Skarsgård, Lisa Carlehed, Tove Lo, Sofia Helin.
Sjanger: Drama.
Lengde: 2 t. 27 min.
Vist på: Kino.
Erik Poppes «Utvandrerne» hadde Sverige-premiere sist jul, men pandemien gjorde at norsk publikum måtte venta eit drygt halvår på filmen. I dette tilfellet har lageropphaldet hatt eit par positive effektar. Ikkje minst er filmen hovudsakleg tatt opp i seinsommarlys og haustlandskap, noko som gjer opplevinga av den historiske verda på lerretet og samtida utanfor kinoen meir lik kvarandre. Likskapane mellom då og no er nemleg den berande tanken i filmatiseringa. I desperasjonen og vågemotet som dreiv svenske småbønder til USA på 1840-talet, er det lett å få auge på dilemmaa til all verdas småfolk, som i dag forlét hus og heim for eit ukjent land, med von om ei betre framtid for barna sine.