Du kan bla til neste sideBla med piltastene
  • Eg følgjer ein del austeuropeiske Instagram-kontoar om modernistisk arkitektur og kultur. Det er ei stor glede å jamleg få bla seg gjennom flotte bilete av fantastiske byggverk, skulpturar, veggpryd og anna flott kultur. Sei kva du vil om Sovjetsamveldet, men dei kunne byggje busstopp. Før 24. februar tenkte eg ikkje så mykje over om kontoane var russiske, kviterussiske eller ukrainske, men frå sekundet Russland invaderte, tok kontoane litt ulike retningar.
  • Dei ukrainske kontoane bad sjølvsagt om hjelp frå det internasjonale storsamfunnet og la ut videoar av russiske rakettar som slo ned i ukrainske byar og drap uskuldige menneske. Etter kvart har dei ukrainske kontoane gått over til å dokumentere korleis russarane øydelegg den modernistiske kunsten, anten med vilje eller generell, brutal framferd. Men ikkje alt er gale: den spesielle jernbanestasjonen i Trostjanets og den fantastisk flotte flyplassen i Mykolajiv er kraftig skadd, men bygningsmassen ser ut til å vere intakt begge stadar. Eitt av dei to monumentale mosaikkverka på jernbanestasjonen i Mariupol ser ut til å ha overlevd.
  • Dmytro Soloviov driv den største av kontoane eg følgjer, ukrainianmodernism. På den private kontoen sin har han lagt ut bilete frå gaida turar han leier i Ivano-Frankivsk. På den første turen møtte 20 personar og ein hund opp. Flyktningar som overlevde dei brutale åtaka på Butsja, Mariupol og Kherson får gå og sjå på kunst og kultur. Andre gongen, kom 40. Og for nokre veker sidan la Soloviov ut ein smilande selfie ved eit busskur han hadde funne. Der var det både sgraffito og mosaikk – to fluger i éin smekk. Med jakt etter sabotørar ser det mistenksamt ut med kamera, så no bruker han mobilen til å snikfotografere arkitektur.