Det var ein fin tale han heldt, sa kona i grannegarden, dersom ho då ikkje formulerte det som eit spørsmål: Var det ikkje ein fin tale han heldt? I alle fall sa ho det i ein tone som kravde vilkårslaust samtykke frå mor mi, ein regntung syttande mai i etterkrigstida, like etter at mannen i grå dress hadde gått ned frå talarstolen.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.