Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Trier til Cannes

sigve Bremer Mejdal

Eit år etter at «Verdens verste menneske» gjorde stor suksess i Cannes, skal regissør Joachim Trier tilbake for å vera jurymedlem på årets jubileumsfilmfestival, den 75. i rekkja, som opnar på den norske nasjonaldagen. Juryjobben i Cannes er ei utmerking i seg sjølv, og Trier skal kåra ein Gullpalmevinnar saman med blant andre juryleiar og skodespelar Vincent Lindon, skodespelar Noomi Rapace og filmskapar Asghar Farhadi. GK

Film

Z-trøbbel i Cannes

Valerie Macon

«Final Cut» av Michel Hazanavicius, som vann Gullpalmen i 2011 med den moderne stumfilmen «The Artist», har fått æra av å opna den 75. Cannes-festivalen 17. mai. Men no har filmen hamna i trøbbel på grunn av tittelen: «Z (comme Z)», altså «Z (slik som Z)» – ein vits om filmens sjangertru zombieformel. Etter at den russiske hæren gjorde den latinske bokstaven Z til symbol for invasjonsstyrkane i Ukraina, har Z kome i vanry. Både det ukrainske filminstituttet og andre har protestert, og no har filmen endra tittel til «Coupez!» / «Final Cut». GK

PANAHI I BIL I: Jafar Panahi laga «Taxi» (2015) medan han hadde husarrest og yrkesforbod. Han sneik seg ut av heimen og spela sjølv drosjesjåføren som køyrer i Teherans gater, der han fraktar dei som endrar samfunnet nedanfrå. GK

PANAHI I BIL II: I 2018 tok Jafar Panahi bilen ut av byen og køyrde rundt på landet. I «Tre kvinner» skildrar han både den konservative iranske landsbygda og vilkåra for iransk kultur- og kvinneliv gjennom tre skodespelarar i ulike aldrar. GK