«En bauta har gått bort.» Setninga har vorte vanlegare og vanlegare. Eg ønskjer ikkje å vera respektlaus, men her burde skrivarane sjekka meininga til ordet bauta. Det er ein minnestein; det norrøne verbet bauta tydde hogga, slå. Ein slik tilhoggen stein som stod til minne om ein person eller ei hending kan vanskeleg ‘gå bort’. Mi nye ordbok fører opp dette bruksdømet: ‘Ein bauta for dei falne’.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.