Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fleire forskarar går ut mot regjeringa sin våpeneksport:

Refsar våpenhjelp

HJELP: Soldatar frå 2. bataljon øvar på militærleiren på Rena. Noreg sender 2000 slike M72-våpen til Ukraina. FOTO: ANETTE ASK, FORSVARET/NTB Anette Ask / Forsvaret

FARLEG: Forskarar innan folkerett, krig og konflikt trur det kan vere ein stor tabbe å sende våpen til Ukraina. Regjeringa vurderer å sende endå fleire.

Blant dei som forskar på krig og konfliktløysing, er det fleire som no meiner at det verkar lite gjennomtenkt av europeiske land å sende våpen til Ukraina.