Vendepunkt for «cowboykulturen».
(Noreg, 2021)
Konseptuerande regissør: Petter Næss.
Manus: Mette M. Bølstad, basert på konseptet til Siv Rajendram Eliassen.
Med: Anne Regine Ellingsæter, Bart Edwards, Malene Wadel, Paal Herman Ims, Ole Christoffer Ertvaag, Pia Tjelta, Per Kjerstad, Laila Goody.
Lengde: 8 x 45 min.
Vist på: NRK1/NRK TV, premiere 2. januar, nye episodar kvar veke.
Medan sesong ein av «Lykkeland» følgde pionertida i Nordsjøen, rundt 1970, og den gryande omforminga av bedehusbyen Stavanger, handlar sesong to om slutten på 1970-talsbonanzaen i oljeindustrien. Dei åtte episodane opnar med Bravo-utblåsinga i april 1977, og endar med ein dobbeltepisode om Alexander Kielland-katastrofen nær nøyaktig tre år seinare, 27. mars 1980.