Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Melding

I skuggen av Kielland

Store ulukker og kvinnekamp i det små driv andre sesong av «Lykkeland».

DEN DYRKJØPTE RIKDOMEN: Anna (Anne Regine Ellingsæter) og dei andre hovudrollene i «Lykkeland» blir alle på ulike vis råka av Alexander Kielland-katastrofen i 1980. FOTO: NRK JAN KHUR

(Noreg, 2021)

Konseptuerande regissør: Petter Næss.

Manus: Mette M. Bølstad, basert på konseptet til Siv Rajendram Eliassen.

Med: Anne Regine Ellingsæter, Bart Edwards, Malene Wadel, Paal Herman Ims, Ole Christoffer Ertvaag, Pia Tjelta, Per Kjerstad, Laila Goody.

Lengde: 8 x 45 min.

Vist på: NRK1/NRK TV, premiere 2. januar, nye episodar kvar veke.

Medan sesong ein av «Lykkeland» følgde pionertida i Nordsjøen, rundt 1970, og den gryande omforminga av bedehusbyen Stavanger, handlar sesong to om slutten på 1970-talsbonanzaen i oljeindustrien. Dei åtte episodane opnar med Bravo-utblåsinga i april 1977, og endar med ein dobbeltepisode om Alexander Kielland-katastrofen nær nøyaktig tre år seinare, 27. mars 1980.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?