Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kalddusj for Støre, rekord for Raudt

HARD PAKKE: Det vart inga mjuk landing i desembermålingane for Senterpartiets leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum. FOTO: TERJE BENDIKSBY, NTB Terje Bendiksy

MÅLING: Ap og Sp går kraftig tilbake i desembermålingane, medan Raudt får dei beste tala nokosinne.

Adventskalenderen har vore full av dårlege tal for regjeringspartia i år. No har nettstaden Poll of polls rekna ut eit snitt av meiningsmålingane hittil i desember. Det er venta éi måling til seinare i månaden.