FELLING: Naturvernforbundet krev stans i årets ulvejakt etter at eit ulvepar vart skote like utanfor ulvesona i Trysil. Miljødirektoratet avviser at fellinga var feilaktig. Ulveparet som vart skote 11. desember, var foreldreparet til ulveflokken som lever innanfor ulvesona Slettås i Trysil, men dei to vart skotne utanfor sona. Slettåsreviret er ifølgje Rovdyrdata ein av fire heilnorske ulvestammar. Naturvernforbundet reagerer på at foreldreparet vart skote, og at det skjedde like ved grensa for ulvesona. Ifølgje forbundet var dyra freda, og dermed vart dei felte ulovleg. Regjeringa har bestemt at det skal vere minst tre heilnorske ulvestammar innanfor ulvesona. ©NPK