TIDLAUST: Scenene i denne dokumentaren er komponerte og fargekoordinerte som kunsttablå, og menneska ser ut som dei kunne vore henta frå renessansen. FOTO: SELMER MEDIA
(The Truffle Hunters, Italia, 2021)
Regi, manus og foto: Michael Dweck og Gregory Kershaw.
Med: Trøffeljegerar, trøffelhundar og trøffelseljarar i Piemonte.
Sjanger: Dokumentar.
Lengde: 1 t. 24 min.
Vist på: Kino.
Få mil søraust for Torino ligg landkommunen San Damiano d’Asti. Namnet smakar av vin, og ganske rett. Dette er midt i Piemonte, og vinrankane veks på geledd i bratte terrassebruk. San Damiano er likevel i første rekkje kjent for det som veks nedi jorda, i den ulendte og på vinteren gjørmete skogen: den kvite Alba-trøffelen. Ein delikatesse folk i distriktet har «jakta» på i uminnelege tider – i lag med dei spesialtrente hundane sine. Hundar som et på herrens bord og jamvel blir velsigna ved altarringen i katedralen. Trøffeljakt er mykje meir enn matauk og attåtnæring. Ikkje ein gong gode moltemyrer i Finnmark er slike familieløyndommar, eller regulert av så mange uskrivne normer og sosiale sanksjonar som trøffelplassane i Piemonte.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
HANDLEKRAFTIG HELTINNE: Gerda får hjelp av røyskatten Lula når ho må prøve å stansa Snødronninga. FOTO: MANYMORE FILMS
(Snezhnaya koroleva, Russland, 2012)
Regi og manus: Vladen Barbe.
Norske røyster: Siri Nilsen, Elias Ottersen, Jon Arne Bjørnstad.
Også distribuert i samisk versjon
Lengde: 1 t. 16 min.
Sjanger: Animasjon.
Aldersgrense: 6 år.
Vist på: Kino.
«Snødronningen» er ein eventyrleg favoritt blant animasjonsfilmskaparar. H.C. Andersens allegoriske oppvekstforteljing om barna Gerda og Kai og korleis dei overvinn den vonde Snødronninga, fortel at venskap og truskap er sterkare krefter enn djevelsk trolldom (ein fortrolla spegel) og kyniske vaksne.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.