Jaktar det kvite gullet
Hundreåringen som kleiv ut vindauget for å jakta på trøflar i lag med hunden sin.

(The Truffle Hunters, Italia, 2021)
Regi, manus og foto: Michael Dweck og Gregory Kershaw.
Med: Trøffeljegerar, trøffelhundar og trøffelseljarar i Piemonte.
Sjanger: Dokumentar.
Lengde: 1 t. 24 min.
Vist på: Kino.
Få mil søraust for Torino ligg landkommunen San Damiano d’Asti. Namnet smakar av vin, og ganske rett. Dette er midt i Piemonte, og vinrankane veks på geledd i bratte terrassebruk. San Damiano er likevel i første rekkje kjent for det som veks nedi jorda, i den ulendte og på vinteren gjørmete skogen: den kvite Alba-trøffelen. Ein delikatesse folk i distriktet har «jakta» på i uminnelege tider – i lag med dei spesialtrente hundane sine. Hundar som et på herrens bord og jamvel blir velsigna ved altarringen i katedralen. Trøffeljakt er mykje meir enn matauk og attåtnæring. Ikkje ein gong gode moltemyrer i Finnmark er slike familieløyndommar, eller regulert av så mange uskrivne normer og sosiale sanksjonar som trøffelplassane i Piemonte.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent