Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vogna

  • Alle statsleiarar med respekt for seg sjølv har ei eiga togvogn, anten vi snakkar om nordkoreanske diktatorar eller James Bond-aktige skurkar. Eg har sjølv vitja den personlege togvogna til Stalin som står utanfor Stalin-museet i fødebyen hans Gori i Georgia. På den eine sida hadde eg trudd vogna skulle vere meir forseggjort, samstundes var det nok høg klasse over standarden for 70 år sidan. Utan samanlikning elles, så har den norske jernbanereforma fått endå ein konsekvens. Norsk jernbanemuseum på Hamar tek over den norske kongevogna frå Vy på førespurnad frå Jernbanedirektoratet.