Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Raudt og SV vil ha tre firedelar fleirtal i Stortinget for å vedta ny forsvarsavtale:

Meiner vi mistar kontroll

KRITISK: Raudt-leiar og stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes er svært kritisk til den nye forsvarsavtalen med USA. Her er han på stortingskontoret sitt. Foto: Siv Dolmen

STRID: Ifølgje Raudt og SV gjev Noreg frå seg så mykje suverenitet i den nye forsvarsavtalen med USA at han ikkje kan ha vanleg handsaming i Stortinget.

I den nye forsvarsavtalen mellom Noreg og USA blir det opna for at i dei tilfella der norsk lov og suverenitet kjem i konflikt med amerikanske interesser, så kan sistnemnde få forrang.