Det varierer frå år til år kva for eit lyspunkt på nattehimmelen som blir utnemnt til betlehemsstjerne. Den som synte vegen fram til stallen for dei vise mennene frå Austerland, var det knapt nokon andre som la merke til, og den som lyser ovet hustaket til Jordmor-Matja, er den planeten som var i den posisjonen den vinteren julekveldsvisa blei dikta. Og hadde det ikkje vore for at Prøysen trong noko som rima på ‘god’, ville Josef blitt spart for vera den tufsen som stod og lo.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.