Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det står ei glans av dei grådige som manglar hos dei måtehaldne.

Synd på menneska

Klimatoppmøtet i Glasgow kom i mål på eit vis, med avtalar om utsleppskutt som kanskje kan dempa oppvarminga av jordkloten litt. Stort meir var ikkje å venta. For utsendingane ville ikkje fått representera oss andre dersom dei ikkje høyrde til den grådigaste delen av menneskeslekta. Sjå berre på Boris Johnson: Om han ikkje akkurat blei vald til britisk statsminister med overveldande fleirtal, er han den mest representative dei har. Denne karen var det som stakk av midt i møtet for å fara til London i jetflyet sitt, slik at han kom tidsnok til middag i herreklubben sin.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.