- Tidlegare ordførar i Oslo Fabian Stang lenka seg i vår fast for å hindre at kommunen skulle rive nokre tre i Gyldenløves gate på Frogner. Han er høgremann, så det var ikkje skikkeleg lenking. Han hadde ei julelenke av plast og lét henne liggje att etter kameraa var slege av. For det var jo kamera. Nokre tre i Oslo er riksnytt. Då førdianarane sette kaffien i halsen av at kommunen saga ned blodbøkane utanfor kyrkja, var berre Firda der for å målbere frustrasjonen. Sjølv om det var annonsert i god tid i kyrkjelydsbladet, var det ingen som lenka seg fast.
Treet
Dagboka