Ein eller annan gong i førhistorisk tid, kanskje for førti tusen år sidan, kanskje berre ti, auka det menneskelege medvitet så sterkt at ingenting lenger var som før. Fram til då hadde kvinner og menn vore som andre dyr, trass i mykje høgare intelligens og langt meir kompliserte reiskapar. No slo dei inn på den vegen som me no er komne til endes på, med ei nedbygd jord der menneskeslekta er ein fare både for seg sjølv og alle andre.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.