Du kan bla til neste sideBla med piltastene

God morgon, kjære Oslo, og lukke til. Det treng de.

Drikk opp!

Velkomen tilbake til verda, Oslo. Når de til veka får oppheva forbodstida, Raymond Johansen endeleg er teken i arrest for skattesnusk og dei slite kroppane som har alkoholisert seg heime i seks lange månadar endeleg kan gå ut i gatene og drikke øl og vin og drinkar og sprit på buler og barar, må de høyre på erfarne fjellfolk. Her kjem nokre tips frå Bergen, der vi har levd livets glade dagar i sus og rus medan de har slite med alle slags plager og truleg ikkje liknar normale menneske lenger.