Coopen
- Jølster hotell er eit signalbygg i bygda Vassenden i Sunnfjord. Det er tre etasjar høgt, gult med kvite karmar, bygd i sveitserstil og har stått der sidan 1888. Heilt sidan 1700-talet har det vore skysstasjon og gjestgjevar i bygda. I periodar mellom 1998 og 2017 har hotellet vore asylmottak, og eigarskapet har skifta fleire gongar. Sist i vinter då Coop Nordvest kjøpte det. Dei skal anten rive det eller byggje om for å starte ein Coop Extra-butikk på tomta. Hotellet er ikkje freda og ikkje med i nokon kulturminneplan. Firda, som har skrive mykje om saka, fortel om lokale protestar.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent