Jølster hotell er eit signalbygg i bygda Vassenden i Sunnfjord. Det er tre etasjar høgt, gult med kvite karmar, bygd i sveitserstil og har stått der sidan 1888. Heilt sidan 1700-talet har det vore skysstasjon og gjestgjevar i bygda. I periodar mellom 1998 og 2017 har hotellet vore asylmottak, og eigarskapet har skifta fleire gongar. Sist i vinter då Coop Nordvest kjøpte det. Dei skal anten rive det eller byggje om for å starte ein Coop Extra-butikk på tomta. Hotellet er ikkje freda og ikkje med i nokon kulturminneplan. Firda, som har skrive mykje om saka, fortel om lokale protestar.
Anne Kari Hinna (tekst), Bergen og Fartein Rudjord (foto), Eidsvold
IKKJE BERRE KOS: Småbrukar Magne Stenersen på Eidsvold i Viken kan ikkje leva på sauehald aleine.Sauebønder tener aller minst av bøndene i Noreg med 231.000 kroner i snitt i året. Fartein Rudjord
587.600 kroner. Det er den gjennomsnittlege lønna i Noreg. Blant bøndene, som no ventar på tilbodet frå staten, er spennet i inntekt stort, men berre fjørfebøndene gjer det betre enn gjennomsnittet.