SKJENKESTOPP: For restauranten Troll i Trondheim forsvinn halve omsettingsgrunnlaget når krana stenger. Fagrørsla og NHO krev ny krisepakke.
Det er strålande sol i Trondheim, men med nasjonal skjenkestopp er det ingen som benkar seg på uteserveringa til Troll på Fosenkaia. Dei heldt ope ein siste kveld for å redusera tapet av maten dei skulle ha selt til helga.