Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ahus har skyhøg overtid og mange brot på arbeidsmiljølovaLåner pleiarar frå andre sjukehus

Braut lova 1526 gonger

BEKYMRA: HR-direktør Jan Inge Pettersen ved Ahus seier han «definitivt» er uroa for arbeidsbelastninga på sjukepleiarane ved sjukehuset. Foto: Tom Henning Bratlie

PRESS: 17.148 overtidstimar i 2020 er altfor høgt, vedgår HR-direktør Jan Inge Pettersen ved Ahus. Han er uroa for belastninga på sjukepleiarane.

Ahus i Lørenskog er sjukehuset i landet som gjennom pandemien har hatt flest innlagde pasientar med koronasmitte. For tida får dei hjelp av intensivsjukepleiarar frå helseføretaka i Bergen, Stavanger, Helgeland og Sørlandet for å ha nok folk på jobb. Dei er innlosjerte på hotell for å jobba ved Ahus.