Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Statsbudsjettet

Ventar eit normalt budsjett neste år

MOT NORMALT: Det var glissent i stortingssalen i november i fjor. Statsministeren reknar med eit meir normalt 2022. © FOTO: TOM HENNING BRATLIE Foto: Tom Henning Bratlie

– Det blir ikkje eit krisebudsjett i 2022. Det blir eit budsjett som tek oss inn i tida etter pandemien, seier statsminister Erna Solberg (H).

I dag samlar ho regjeringa til ein to dagar lang budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell.

Solberg understrekar at det ikkje er noko budsjett for ein normalsituasjon regjeringa jobbar med. Etterverknadene til koronapandemien vil framleis prege oss neste år.

– Men vi håpar og trur at smitteverntiltaka som stoppar aktivitet, ikkje kjem til å vere der i 2022, seier ho.

I koronaåret 2020 vart kvar fjerde krone av utgiftene på statsbudsjettet dekt av Oljefondet.

Alt i alt har regjeringa lagt opp til ein ekstra bruk av pengar frå Oljefondet på 240 milliardar kroner i 2020 og 2021 for å dekkje pandemikostnadene. Den totale oljepengebruken blir anslått til 363 milliardar kroner i 2021, tilsvarande 3,3 prosent av verdien av fondet.

Solberg vil ikkje seie noko om kor mykje oljepengar regjeringa vil bruke i 2022.

– Det er storleikar som vi ikkje gir i intervju. Men vi reknar med at mange av dei ekstraordinære utgiftene på grunn av covid-19 vil bli tekne ned neste år.

Solberg trur auka arbeidsløyse vil vere den viktigaste langsiktige utfordringa.

Ho ventar òg fleire konkursar gjennom året. Hittil i pandemien har talet på konkursar lege under normalen, men det blir knytt til støtteordningar og ei utsetjing av skatterekninga.

– Det betyr at vi trur det vil ta litt meir tid før arbeidsløysa fell tilbake, seier ho.

Statsministeren er klar på at dette vil tvinge fram eit behov for tiltak, til dømes for kompetanseheving. ©NPK