Du kan bla til neste sideBla med piltastene
  • Når du kjem til Mjölby vest for Vättern i Sverige og køyrer av hovudvegen, vil du køyre gjennom ei rundkøyring for å kome inn i byen. Midt i rundkøyringa er det ein stor potetfigur. Det er eitt av mange rundkøyringstips eg fekk etter laurdag. Takk for det. Potatisrondellen er ein turistattraksjon i seg sjølv. Men han er omstridd. «Det finns väl snyggare potatis», seier ein til SVT. «Den är väldigt ful, den ser nästan ut som en gris», meiner ein annan. Passande nok pyntar dei poteten som ein gris til jul.
  • I 2012 kåra SVT Öst dei fem flottaste og dei fem styggaste rundkøyringskunstverka. Frå 1997 til 2012 auka talet på rundkøyringar i landet frå 200 til 3000. Det er altså ei stor og veksande trong for rundkøyringskunst. Potatisen i Mjölby vart kåra til den tredje styggaste. Dei to som var styggare, har eg ikkje greidd å finne. Det skal vere ei stong i Eskilstuna, men eg synest stonga eg fann, var ganske fin. Den styggaste er ei i Rosvalla i Nyköping, men det styggaste eg fann, var ei med gatelykter i midten. Ikkje pent, men ikkje det styggaste i Sverige heller.
  • Blant dei finaste er nokre malangskulpturar i Katrineholm, inspirert av Papua Ny-Guinea. Ei rundkøyring i Eskilstuna er bygd rundt ei vakker eik. Førsteplassen gjekk til nokre blåklokker i Katrineholm. Med to av dei tre øvste plassane, skin det att at Katrineholm er kommunen som ifølgje SVT satsar mest på «att bygga nya maffiga rondellkonstverk». Men det har også vorte «tillhåll för illegal rodellkonst». Først sette nokon opp ein Tintin-rakett, seinare dukkar det opp gigantiske pilar i ei anna rundkøyring. Pacman-figurar vart sett opp i ei tredje, men fjerna for å setje opp blåklokkene som vann SVT-røystinga. Det er på tide å ta rundkøyringskunsten tilbake der han høyrer heime – i gatene.