I verdsmeisterskapen på ski i år hoppa Maren Lundby til gull i stor bakke. Det var ein fryd å sjå på, ein nasjonal triumf og ein siger for likestillinga. Men denne sigeren skulle vore vunnen for nitti år sidan, då Johanne Kolstad blei utestengd frå Holmenkollen, trass i at ho både var eit stortalent og ein publikumsmagnet, fordi ei jente i svevet kunne gje inntrykk av at det ikkje var så farleg som det var.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.