Klar for sin eigen medisin
Bransjen vil kome i gang med å lage vaksine i Noreg:

No er knappe 3 prosent av innbyggjarane i Noreg fullvaksinerte. Israel ligg fremst i feltet med 40 prosent fullvaksinerte.
Det er brei semje om at Noreg må produsere meir legemiddel sjølv. No etterlyser legemiddelselskapet Curida meir handling og mindre snakk.
– Curida har lenge argumentert for at vi bør produsere fleire kritiske medisinar i Noreg for å bli mindre avhengig av å importere. I dag er vi hundre prosent avhengige av import. Det gjer oss sårbare om det er pandemiar, internasjonale krisar, terror eller kva det måtte vere, seier direktør Leif Rune Skymoen.
Dei knappe dosane med koronavaksine som Noreg har fått til landet, er det rift om, og regjeringa lanserte på tysdag den nye strategien om å ta vaksinar frå dei områda med lite smitte og gje til kommunar og bydelar med mykje.
Vil byrje i det små
Elverum-selskapet produserer i dag flytande medisinar som auge- og nasedropar, bedøvingsmiddel og injeksjonspreparat.
– Vi meiner Noreg bør ha produksjon av vaksinar og kritiske legemiddel av to årsaker: Den eine er industriutvikling. Dette er ein industri som kan skape store verdiar og mange arbeidsplassar i Noreg. Samstundes er det viktig for beredskapen, seier Skymoen.
Alt i mai i fjor bad Stortinget regjeringa om å greie ut kva for produksjonskapasitet som eksisterer i Noreg og kva Noreg kan produsere for å sikre forsyning og beredskap.
– Styresmaktene har sett i gang mange utgreiingar, men vi som produsentar vil at det skal bli sett i gang. At ein går frå å greie ut til å setje i verk, seier Skymoen.
Han ber om noko konkret.
– Vi meiner det beste er å byrje enkelt, som bedøvingsmiddel og smertestillande. Vaksinar er krevjande, for det krev store investeringar og lange tidsløp. Det handlar om å inngå den første avtalen, sånn at vi får tråkka opp spora. Då er det mogleg å leggje til meir seinare.
På Stortinget er dei utolmodige. Kjersti Toppe i Senterpartiet etterlyser vilje i arbeidet.
– Vi ønskjer at Noreg skal vere med på å produsere vaksinar og medisin, og at det verte ein industri i Noreg. Vi har mange føresetnadar for det, meiner Toppe.
– Regjeringa må ikkje vente til alt er over. Dette arbeidet må kome i gang no, tenkjer vi, seier ho.
Ser til Danmark
Toppe stod bak framlegget om å greie ut moglegheitene for nasjonal produksjon, med støtte frå alle utanom regjeringspartia.
– Det er opplagt at det krevst eit internasjonalt samarbeid, men Noreg må vere med.
Tuva Moflag i Arbeidarpartiet lovar å gire opp arbeidet med vaksine- og medisinproduksjon ved eit regjeringsskifte.
– Ja, det vil vi. Både Ap, Sp og SV har ulike framlegg, men om dei ikkje har vore heilt like, så deler alle på raudgrøn side intensjonane og visjonane om norsk vaksine- og legemiddelproduksjon. Det er eit godt utgangspunkt, seier ho.
Statsministeren i Danmark, Mette Fredriksen, har opna for at landet kan byggje vaksinefabrikkar i samarbeid med Israel. Det same har Austerrike. Moflag meiner Noreg må følgje med på kva den danske regjeringa får til.
– No handlar det om å få opp flest mogleg vaksinar til flest mogleg personar, seier ho.
Sp og Toppe er open for å følgje samarbeida med Israel om vaksineproduksjon.
Lit ikkje på marknaden
SV har føreslått eit statleg legemiddelselskap, førebels under kallenamnet Statmed. Helsepolitisk talsperson Nicholas Wilkinson meiner staten må inn når ein tener betre på å produsere potensmiddel enn medisinar staten er meir interessert i å kjøpe.
– Vi har hatt store problem med å få dei viktigaste medisinane, som antibiotika. Difor må vi produsere dei, fordi vi får dei ikkje frå marknaden, seier han.
Skymoen i Curida er ikkje overtydd om at eit statleg selskap er rette vegen å gå.
– Men staten må spele ei viktig rolle, ved å vere ein god kunde på å kjøpe produksjonen og hjelpe å ta investeringar. Det må vere eit samarbeid som i sum gjev betre beredskap, seier han.