Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Reprisen

  • Eg har byrja å le uironisk av «Karl & Co». Ikkje spør, det byrjar å bli litt lite å ta seg til heime. Det er oppfølgjaren til «Mot i Brøstet», og Karl Reverud har flytta for seg sjølv. Eg seier eg ler uironisk, men det er mest halde seg for andletet, rope «nei, nei, nei, nei, nei», sukke og snu meg mot han eg bur med. «Tenk at det var sånn, då.» Eit høgdepunkt er episoden «På ville veier». Eg rår alle til ein tur innom Youtube for litt underhaldning frå 1998.