Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vegvesenet råka av stengde grenserKranglar med entreprenør om rekninga

Forbod kan stoppa ny veg

FØLGER MED: Utbygginga av Svenådalenbru i vegprosjektet Eggemoen–Olum på E16 kan bli påvverka av innreiseforbodet. Mange som jobbar her, er frå utlandet. Petter Hjort i Skanska og Eirik Kittelsen i Statens vegvesen følgde i går med på pressekonferansa om innreiseforbodet. Fartein Rudjord

JOBB: Arbeidspendlande svenskar, islendingar, litauarar, tyskarar og polakkar blir verande i Norge for å jobba for Statens vegvesen. Reiser dei heim, kjem dei seg ikkje inn att i landet.

Petter Hjort, hms-leiar i Skanska, og Eirik Kittelsen, kontrollingenør i Statens vegvesen, kikkar ned på telefonane sine. Straks skal justisminister Monica Mæland (H) informera om at innreiseforbodet blir utvida med to nye veker. Det kan både bety forseinkingar og krangling om kven som skal ta rekninga.