PENGAR: – Når staten innfører så inngripande tiltak over natta, må òg staten ta ein større del av kostnadene, seier direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv om dei nye smitteverntiltaka i ei pressemelding. Devold seier at skjenkestopp i praksis betyr nedstenging for mange bedrifter, som òg får lønnsplikt i ti dagar. – Det er urimeleg at bedrifter som må permittere etter tiltaket til styresmaktene, blir sitjande igjen med så store lønnskostnader, seier Devold. Ho ber staten innlemme lønnspliktperioden til arbeidsgivar i kompensasjonsordninga. NHO vil òg at kompensasjonsordninga blir forlengd så lenge reiselivet blir ramma av smitteverntiltak.©NPK