Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Galaktisk «høgtid»

LIKSOM-JUL OM BORD PÅ MILLENNIUM FALCON: Finn, Ray, Poe (i strikkegenser) og Chewbacca har hengt opp lys og sett opp tre til «Life Day». FOTO: DISNEY PLUSS

Star Wars + Lego + jul = kulturell medisterdeig.

(USA, 2020)

Regi: Ken Cunningham

Manus: David Shayne

Med: Helen Sadler, Omar Benson Miller, Billy Dee Williams, A.J. LoCascio, Anthony Daniels, Ben Prendergast

Lengde: 44 min.

Aldersgrense: 6 år

Vist på: Disney Pluss

Underteikna set stor pris på jula som ein årleg unntakstilstand, der vi i eit glimt lèt oss fylla av det ein kan kalla ei guddommeleg forbrødring. Samanfallet med årsskiftet og solsnu, gjer jula til ei open høgtid, som folk kan gle seg over i mørketida på tvers av religion, nasjonalitet og familieband. Kommersiell utbytting tærer likevel på jula som «allemannshøgtid». «The Lego Star Wars Holiday Special» er eit døme på skamlaus trivialisering av alt som ligg i ordet høgtid, samstundes som den trekvarters animasjonsfilmen er i stand til å tømma sitt mest sentrale tema – venskap – for alt innhald.