Du kan bla til neste sideBla med piltastene

30-årsjubileet for Film fra Sør er råka av koronastenging, men har fått nasjonal, digital opning:

Nisjefestival når ut på nett

PÅ EIGA SCENE: Kunstnarisk leiar i Film fra Sør Lasse Skagen (til høgre) saman med Per Eirik Gilsvik, prosjektleiar for Sørfond, på Vega Scene. Festivalen har vore viktig for etableringa både av fondet og kinoen. Hanne Marie Lenth Solboe

I løpet av 30 år har Film fra Sør vakse til eit heilårstilbod av nisjefilm, som òg ytar filmstøtte til utviklingsland.

– Det har aldri skjedd før at vi har måtte avlysa festivalen!

Kunstnarisk leiar i Film fra Sør Lasse Skagen har vore med på store framgangar sidan den spede starten i eit auditorium på Blindern i 1991. Blant høgdepunkta er ein tidagars workshop med den iranske meisterregissøren Abbas Kiarostami i Oslo i 2006.

30-årsjubileet for hovudstadens mest tradisjonsrike filmfestival skulle også bli stort, men er råka av sosial nedstenging. Til gjengjeld kan interesserte frå heile landet i år sjå filmane digitalt.

– Kinoane som gjennom åra har husa oss, Klingenberg, Cinemateket og frå 2018 Vega Scene, har betydd alt for oss, så det er vemodig å arrangera jubileumsfestival utan publikum i salane, seier Skagen.

Samstundes har Film fra Sør for lengst vakse ut av rolla som ei årleg, seinhaust-mønstring av film frå den sørlege halvkula.

Det som for 30 år sidan vart utløyst av spørsmålet «kvifor er det ikkje filmar frå Latin-Amerika på kino?» har i dag vorte paraplyorganisasjonen Festivalkontoret. Under det litt tørre namnet finn ei rad tiltak som har utvida Film-Oslo, som Arabiske filmdager og Oslo Pix.

Felles for desse komplementære nisjetilboda er kuraterte program. Kunstnarisk kvalitet og samfunnsaktuell debatt i breiaste forstand er rettesnora for programma.

Samlar over 40 nasjonar

Film fra Sør vart skapt for å dekka ein mangel i kinotilbodet, men trass i at utbreiinga av «sørfilm» er annleis i dag enn i 1991, har ikkje det gjort festivalen overflødig.

– Den digitale revolusjonen har ført til at kinoane viser fleire filmar, men billettsalet er konsentrert rundt eit fåtal titlar, seier Skagen.

Krondømet er fjorårsfenomenet «Parasitt» av sørkoreanske Bong Joon-ho, som både vann Gullpalmen i Cannes og Oscar for beste film.

– Det er også eit utval av «sørfilmar» på dei største strøymetenestene, men dei mest kommersielle produksjonane har 95 prosent av visningane.

Denne utviklinga har skjedd parallelt med at Film fra Sør i fjor sette publikumsrekord med 28.000 besøk.

– Då gjennomførte festivalen også ei publikumsgransking som fortalde at vi hadde publikum frå 42 nasjonar til stades i salane, seier Skagen.

«Kinoane viser fleire filmar, men billettsalet er konsentrert rundt eit fåtal titlar»

LASSE SKAGEN, KUNSTNARISK LEIAR I FILM FRA SØR

Spesialiserte program drar eit stadig større og meir mangfaldig publikum til film og debatt.

– Debattar er noko folk vil oppleva i fellesskap. Film fra Sør arrangerer fem-seks filmsamtalar med fokus på ytringsfridomsproblematikk.

I fjor vart blant anna kenyanske Wanuri Kahius debutfilm «Rafiki» debattert her. Filmen om lesbisk kjærleik var forboden i heimlandet før internasjonal merksemd førte til at styresmaktene tillét tolv visingar.

– Den filmen sette dagsorden, seier Skagen.

Stør fleire prosjekt kvart år

«Rafiki» vart ikkje berre formidla av Film fra Sør, den hadde òg produksjonsstøtte frå det svært suksessrike produksjonsfondet Sørfond, som er eit barn av festivalen.

Kontaktnettet til Film fra Sør har gjeve innsyn i vanskane mange filmskaparar, særleg frå utviklingsland, han med å få utvikla og finansiert prosjekta sine. Festivalen tok difor initiativ til eit fond der norske produsentar kunne vera fødselshjelparar for filmar frå regionane festivalen hentar programmet frå.

Inspirert av liknande samproduksjonsfond som Berlinalens World Cinema Fund og IDFA Bertha Fund, gjekk Festivalkontoret saman med Norsk filminstitutt til Kulturdepartementet og Utanriksdepartementet (UD) for å få på plass Sørfond i 2011.

– Årleg stør vi seks til åtte prosjekt med gjennomsnittleg 500.000–600.000 kroner, fortel Per Eirik Gilsvik, prosjektleiar for Sørfond.

Onsdag går årets digitale «pitcheforum» av stabelen.

– Inviterte filmskaparar vil då presentera filmane sine for norske produsentar, og her er det framleis sjanse til å melda seg på, seier Gilsvik.

Det er ikkje økonomisk lukrativt å vera co-produsent gjennom Sørfond, men det er andre bonusar.

– Insentivet ligg i sjansen til å bygga internasjonale nettverk og potensialet for viktig festivaleksponering. Nesten alle filmane Sørfond har støtta, har hatt premiere på ein av dei største filmfestivalane. «Rafiki» var den første kenyanske filmen i Cannes, og i 2018 vart den Sørfond-støtta «Arvingene» av Marcelo Martinessi frå Paraguay ein av hovudvinnarane ved Berlinalen. Begge fekk norsk kinodistribusjon.

Gilsvik er ikkje i tvil om at målretta tiltak har hatt mykje å seia for at «verdsfilmar» blir akkurat det: Filmar som når heile verda.

Tilrådd «sørfilm»

Tips til digitale visingar under Film fra Sør.

Lasse Skagen

Kunstnarisk leiar

«76 Days»

Av: Weixi Chen, Hao Wu

Dette er ein eksepsjonell dokumentar om den pågåande pandemien, frå staden der alt starta. Her følgjer vi – utruleg nok – forsøka på å berga covid-19-pasientar frå innsida av eit sjukehus i Wuhan under den 76 dagar lange stenginga av byen. Eit sjeldan innblikk i Kinas handtering av koronaviruset.

«Mødre»

Av: Naomi Kawase

Ein spelefilm frå ei som både er blant Japans leiande samtidsregissørar og den japanske filmens store humanistar. Eit flott, menneskeleg drama om dei mange og kompliserte sidene ved adopsjon.

IRAN: «Sunless Shadows».

Per Eirik Gilsvik

Prosjektleiar for Sørfond

«Sunless Shadows»

Av: Mehrdad Oskouei

Denne iranske dokumentaren er støtta av Sørfond og vann hovudprisen ved dokumentarfestivalen IDFA i fjor. Det er ein rørande film om mindreårige jenter som sit fengsla tiltala for å ha drepe mannlege familiemedlemmar som har forgripe seg på dei. Fleire jenter har òg mødrer med dødsdom for liknande tiltalar. Temaet er kolsvart, samhaldet mellom jentene er lysande.

«Map of Latin American Dreams»

Av: Martín Weber

Også dette ein Sørfond-støtta dokumentar. Den argentinske fotografen og multikunstnaren Martín Weber reiser i Latin-Amerika for å finna ut korleis det har gått med menneske han har fotografert og dokumentert livsdraumane til gjennom 30 år. Det har vorte sosialrealisme på sitt beste.