Du kan bla til neste sideBla med piltastene

På 100-årsdagen får holocaust-offer Ruth Maier ein plass kalla opp etter seg nær sin siste bustad i Oslo:

Ruth Maier får sin plass

VENTER PÅ SKILT: Jan Erik Vold har arbeidd for ein Ruth Maiers plass sidan 2012. På tysdag, Maiers 100-årsdag, tar han del i «døypinga» av plassen. Foto: Siv Dolmen

– Vi bør minnast Maier som offer for det store brotsverket, men òg som eit merkverdig menneske, seier Jan Erik Vold.

Tysdag 10. november vil det vera 100 år sidan Ruth Maier vart fødd. Same dag vil Oslo kommune formelt namngje ein plass etter henne i Bydel St. Hanshaugen. Det stille byrommet med parkbenkar og haustgule tre har ikkje heitt noko før, men i ligg i ei idyllisk gågate der Glückstads gate møter Dovregata, nær jentepensjonatet der Ruth Maier budde sine siste dagar i Noreg.