Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Framleis auke i bustadprisane

DYRT: Sesongjusterte tal frå prisindeksen for brukte bustader viser ein prisauke på 2,5 prosent frå 2. kvartal til 3. kvartal i år. Koronapandemien har framleis ikkje medført noko prisfall, noterer Statistisk sentralbyrå. Prisane har auka i alle regionane. Auken var sterkast i Trøndelag, utanom Trondheim, med 4,2 prosent. Prisane på blokkleilegheiter auka mest, med 3,5 prosent, medan for småhus og einebustader auka prisane høvesvis 3,0 og 2,1 prosent, justert for sesongsvingingar. Samanlikna med same kvartal i fjor, auka prisane med 4,5 prosent. Sterkast var prisauken i Nord-Noreg og Vestfold og Telemark og Viken minus Akershus med 6,7 prosent. ©NPK