- Om du ringjer nokon i regjeringa på hausten om ei eller anna politisk satsing dei vert utfordra på, er svaret stort sett «eg kan ikkje forskottere nokon ting i statsbudsjettet». Og det er så klart greitt. Budsjettet vert lagt fram når det vert lagt fram i byrjinga av oktober, og prinsippa er prinsipp. Med mindre du har ei gladsak, då. Abid Raja kunne avsløre at det kjem 9,5 millionar kroner til å pusse opp den gamle villaen til Ole Bull, Lysøen utanfor Bergen. Den Nationale Scene i byen får nokre kroner til nytt bygg, og kunstmuseet får koronastøtte. Det må jo ut.
Hareide
Dagboka