Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Straum til olje- og gassplattformar skapar flaskehalsHard konkurranse om kraft på Vestlandet

Meiner olja må stå i kø

KRAFTKAMP: Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) tar her i mot statsminister Erna Solberg (H). Indrevik varslar harde prioriteringar om kraft framover. FOTO: MARIT HOMMEDAL, NTB

UTSETTA: Det er hard konkurranse om krafta på Vestlandet. Krefter i både Høgre og Arbeidarpartiet vil utsetta elektrifiseringa av sokkelen for at industri på land skal få nok straum.

I havgapet vest for Bergen ligg Kollsnes. Her skal den flytande CO2-en frå sementproduksjonen i Brevik fraktast før han tar vegen vidare til eit lager under havbotnen.

Tom Georg Indrevik er ordførar i kommunen og leiar for Vestland Høgre. Han feira med kake då regjeringa tidlegare i veka gav grønt lys for milliardinvesteringar i karbonfangst- og lagring.

Samstundes kastar han ein brannfakkel inn i debatten om det grøne skiftet. Høgre-ordføraren opnar for å utsetta elektrifiseringa av norsk sokkel fordi det er så stor konkurranse om krafta i regionen.

– Eg har stor respekt for nasjonale ambisjonar om elektrifisering av sokkelen. Men problemet vårt no er at mange av industriarbeidsplassane som er under etablering på Vestlandet, manglar kraft.

Han seier at det er ei kjempeutfordring.

– For å sikra grøne arbeidsplassar, må me vurdera å skyva på elektrifiseringa av sokkelen til me får meir kraft, seier Indrevik, som sit i sentralstyret i Høgre.

Kraft til plattformer

Eit breitt fleirtal på Stortinget har vedtatt at norsk sokkel skal elektrifiserast. Å erstatta dagens gassturbinar med straum, vil kutta i utslepp av både CO2 og NOX.

Hos Olje- og energidepartementet ligg det i dag ein søknad frå Equinor om elektrifisering av plattformene Troll B og C, Oseberg Sør og Oseberg Feltsenter i Nordsjøen. Planen er å dra ein kraftkabel frå Kollsnes ut i Nordsjøen.

– Bør ein venta med dette?

– Det må vera ein del av ei slik vurdering. Det er berre ei utsetting, men det er kritisk for etablering av grøne arbeidsplassar på land, seier Indrevik.

Ifølge han har det kome fleire signal frå store internasjonale konsern som vil etablera seg på Kollsnes i nærleiken av karbonmottaket som regjeringa no har gitt grønt lys for at kan driva med karbonfangst- og lagring (CCS).

– Me er uroa for at kraftsituasjonen vil gjera at me ikkje kan ta ut spinoffar frå CCS-anlegget, fordi det ikkje er nok kraft.

Forbruket skal doblast

Ifølge eit notat Statnett og BKK Nett har laga om kraftforsyningssituasjonen i vestlandsregionen, har tempoet i elektrifiseringa av samfunnet gått raskare enn dei såg føre seg for nokre år sidan.

«I BKK-området har BKK Nett og Statnett berre siden 2018 mottatt henvendelser om nytt og økt kraftforbruk i regionen som tilsvarer over en dobling av dagens forbruk i området. Økningen er like stor som strømforbruket i hele Oslo», står det i notatet, som Bergens Tidende har omtalt tidlegare.

Det meste av den planlagde auka kjem nettopp på Kollsnes, ifølge notatet.

Dei estimerer det totale nye forbruket frå industri- og næringslivskundar i området til kring 2800 megawatt. 950 megawatt er knytt til elektrifiseringa av sokkelen. Det er også planar for hydrogenproduksjon (450 mw), datasenter (450 mw) og annan type industri (950 mw).

Det er ikkje kraft i seg sjølv som er ei mangelvare, det er å få ført krafta fram. Indrevik meiner det tar alt for lang tid å få på plass nye overføringsliner. Ein konsesjonssøknad kan gjerne ta over ti år, ifølge ordføraren.

– Eg ønsker ein statleg plan i samarbeid med kommunane for å få på plass nye overføringsliner, seier han.

Vil heller ha havvind

Høgre-ordføraren får støtte av LO Vestland og stortingspolitikar Ruth Grung i Arbeidarpartiet.

– Me manglar straum til å realisera fleire planar. Bergensregionen er mest utsett, men også Haugalandet og Helgeland. Det er bygd liner for å flytta straum frå magasina våre til Austlandet, men ikkje internt på Vestlandet, seier Grung.

Ho reagerer på at systemet no er styrt etter «førstemann til mølla»-prinsippet.

– Det prinsippet kan ikkje gjelda. Lokal- og regionalpolitikarar må få påverka avgjerdene, og me må ha opne prosessar der ein vektlegg regionale behov, arbeidsplassar og geografisk plassering. Om ein må bygga nye nett, kjem jo rekninga til næringsliv og forbrukarar.

Grung vil stogga elektrifiseringa av sokkelen og heller at Equinor bygger ut havvind til plattformene, og at ein heller prioriterer kvar ein kan bruka krafta på land.

– Eg har utfordra fylkeskommunen på at dei lagar ein plan over kvar det er kraft og kvar det er nye planar som vil trenge kraft, seier ho.

Leiar for LO Vestland, Roger Pilskog, er også uroa for at nettkapasiteten skal setta stoppar for nye, grøne industriarbeidsplassar på Vestlandet.

Han er einig i at det er fornuftig å prioritera grøn industri på land framfor elektrifisering av sokkelen, sjølv om LO har vore ein pådrivar for elektrifisering av sokkelen.

– LO har også vore ein pådrivar for Northern lights og grøn omstilling for industrien. Om det er valet me har for å få til det me skal få til på Kollsnes, så er det den beste løysinga, seier han.

Mista fabrikk

Ordførar i Alver kommune Sara Hamre Sekkingstad (Sp) er på same lina: Elektrifiseringa må stilla seg bak i køen av prosjekt som tek opp plass på straumnettet.

– Eg er positiv til elektrifiseringa om me har nok kapasitet til alt, men ikkje om det går på kostnad av verdiskaping og grøn omstilling på land, seier ho.

Oljeraffineriet til Equinor på Mongstad er kjernen i eit stort industriområde i kommunen, der det mellom anna er planar om ein hydrogenfabrikk. Sekkingstad er uroa for at verksemder vel vekk kommunen fordi dei ikkje kan levera straum.

– Eit døme er ein batterifabrikk som etablerte seg ein annan stad i Noreg fordi det ikkje var nok kapasitet på Mongstad. Neste gong kan det skje at verksemder vel ein annan stad i Europa. Det siste er endå meir alvorleg. Me ønsker oss etableringar på Mongstad, der det skjer mykje spennande, og næringane for framtida ønsker å etablera seg der. Det er der det grøne skiftet skjer, seier ho.

Git: master, Env: production, Sanity: production