USEMJE: Ap-veteran Ruth Grung nektar å bli plassert på ein usikker fjerdeplass til fordel for sin mannlege kollega Eigil Knutsen. Ho er skuffa over laber støtte frå kvinnepolitisk talsperson i Ap.
Det er ingen tvil om at ordførar i Bergen Marte Mjøs Persen (45) skulle vera spydspissen når Arbeidarpartiet i gamle Hordaland går til val. Når nominasjonskomiteen deretter plasserer to menn på dei følgande plassane, blir det bråk.