- «Gud hjelpe så utrolig vakkert bygg! Og for en utrolig kul type #OleBull var, for en vanvittig kul type!» Kulturminister Abid Raja var denne veka i Bergen og Bjørnafjorden, gud hjelpe meg for eit utruleg irriterande namn på ein kommune, og vitja Lysøen, villaen til Ole Bull. Villaen er museum i porteføljen til kunstmuseet i Bergen, Kode, og det treng sårt pengar til vedlikehald. Raja tok seg turen gjennom Bergen og ein liten selfie framfor bybana, som han meiner må gå over Bryggen. Litt kontekst for dei som ikkje kjenner Bergen: Her er den politiske aksen frå venstre til høgre kasta på båten. Det som skil partia i bypolitikken frå kvarandre, er om dei vil ha bybana over Bryggen eller i tunnel.
#OleBull
Dagboka