Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Årets påskekrimmar på NRK1 og TV 2 tar oss med til kjende britiske krimlandskap – både nye og gamle.

Tradisjonelt britisk med vri

KRIM­PÅS­KA PÅ TV 2: «Aga­tha Christie: Den fjer­de ryt­ter». Ru­fus Sewell spe­lar Mark Easterbrook, som blir kon­fron­tert med sine eig­ne hand­lin­gar av hek­se­ne i Much Deeping. FOTO: TV 2

Verkeleg politikrim og Agatha Christie i skrekk-format.

(A Confession, ITV, 2019)

Regi: Paul Andrew Williams.

Manus: Jeff Pope, basert på Steve Fulchers bok «To Catch a Serial Killer».

Med: Martin Freeman, Imelda Staunton, Siobhan Finneran, Owain Arthur, Faye McKeever, Joe Absolom.

Lengde: Seks episodar à 45 min.

Visast på: NRK1 viser to episodar dagleg frå søndag 5. til tirsdag 7. april. Alle episodar ligg tilgjengelege i NRKS nettspelar.

(The Pale Horse, Amazon, Storbritannia 2020)

Regi: Leonora Lonsdaale.

Manus: Sarah Phelps, etter Agatha Christies roman.

Med: Rufus Sewell, Kaya Scodelario, Sean Pertwee, Bertie Carvel, kathy Kiera, Rita Tushingham, Sheila Atim.

Lengde: Tre timelange episodar.

Visast på: TV 2 og TV 2 Sumo frå og med skjærtorsdag.

Dei tradisjonelle tv-kanalane held fram med å lansera «nye» krimseriar til påska, jamvel om det nærmar seg 30 år sidan tv-krim var noko NRK eine og aleine kunne porsjonera ut til norske sjåarar på fredagskveldar og til påskehelga.