Verkeleg politikrim og Agatha Christie i skrekk-format.
(A Confession, ITV, 2019)
Regi: Paul Andrew Williams.
Manus: Jeff Pope, basert på Steve Fulchers bok «To Catch a Serial Killer».
Med: Martin Freeman, Imelda Staunton, Siobhan Finneran, Owain Arthur, Faye McKeever, Joe Absolom.
Lengde: Seks episodar à 45 min.
Visast på: NRK1 viser to episodar dagleg frå søndag 5. til tirsdag 7. april. Alle episodar ligg tilgjengelege i NRKS nettspelar.
(The Pale Horse, Amazon, Storbritannia 2020)
Regi: Leonora Lonsdaale.
Manus: Sarah Phelps, etter Agatha Christies roman.
Med: Rufus Sewell, Kaya Scodelario, Sean Pertwee, Bertie Carvel, kathy Kiera, Rita Tushingham, Sheila Atim.
Lengde: Tre timelange episodar.
Visast på: TV 2 og TV 2 Sumo frå og med skjærtorsdag.
Dei tradisjonelle tv-kanalane held fram med å lansera «nye» krimseriar til påska, jamvel om det nærmar seg 30 år sidan tv-krim var noko NRK eine og aleine kunne porsjonera ut til norske sjåarar på fredagskveldar og til påskehelga.