Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Huset i skogen var ein variant av det ikoniske huset på prærien.

Sanders og Vestly

MORMOR: Anne-Cath Vestly i «Mormor og de åtte ungene i byen» (1977).

Åtte ungar og far og mor og mormor på eitt rom og kjøken, det var meir eit eksotisk mysterium enn ei forteljing frå kvardagen. I det huset eg var barn i, var det fleire rom enn me hadde bruk for, låglofta og stadig mørkare etter kvart som trea uti hagen strekte seg opp og breidde seg ut. Der var eit gjesterom med ei hundre år gamal seng og eit drengekammers utan dreng, ei avstengd bestestove i sør og ei iskald rotestove i nord. På dei blåmåla veggene der inne hang det store fotografi i svarte rammer av slektningar som hadde utvandra til Amerika for veldig lenge sidan.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.