- «Er det ein Martin Årseth i lokalet?» Ein bartendar ropa opp og kalla meg ned til ein fasttelefon han hadde bak disken – ja, det finst enno fasttelefonar. «E det nittenåttisyv, ellar,» er det nokon som ropar. Det var ein kamerat av meg som ringte for å seie at han vart forseinka til fotballkampen me skulle sjå saman på puben. Eg mista mobiltelefonen min førre helg og har sidan gått rundt med faste avtalar som eg og dei eg skal møte, må halde. Som menneske er det forfriskande og ikkje minst godt for sjela å ikkje bli oppdatert på alle diskusjonar som går hardt på sosiale medium. Det er kanskje irriterande for dei som prøver å få tak i meg, men for meg er det herleg å ikkje bli teken kontakt med. Som journalist er det litt verre.
Sjelefred
Dagboka