Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil senke tempoet ved bustadsal

BREMS: Forbrukarrådet og Eiendom Norge foreslår ein frist på 30 eller 60 minutt før bod kan aksepterast ved kjøp og sal av bustad. – Forbrukarane og dei profesjonelle partane må få betre tid i bustadhandelen. Tempoet i bodrundane kan tidvis bli så høgt at det er behov for å regulere bodfristane, seier Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet. Rådet går saman med Eiendom Norge saman om eit lovforslag om minimumsfristar. Innspelet går til utvalet som skal gå gjennom lova om eigedomsmekling. – Vi ønsker å gi forbrukarane og eigedomsmeklarane den tida dei treng for å ta gjennomtenkte val i eit av dei viktigaste kjøpa i livet, seier Blyverket.©NPK